Krakk

Historiske forteljingar  •  Vaksne

Krakk

Guri Margrete Idsø Viken
Først utgitt:2025

Lån boka

Tilgjengeleg på nynorsk:

Anbefaling frå biblioteket

Strålande underhaldning basert på verkelege hendingar.

Boka er ei historisk roman frå Arendal si storheitstid. Det skildrar byen si posisjon som Noregs rikaste by på 1800- talet, der vellukka redarar, rike bankfolk og eit yrande handelsliv prega overklassa i Arendal.

Men den rike seglskipbyen Arendal vert innhenta av eit ras av konkursar i slutten av 1800- talet.

Dette mykje på grunn av banksjef Axel Herlofsen sitt bedrageri, og forfalskningar som til slutt førere til konkurs. Mange av byens tikaste mister dermed sine formuer og vediar.

Om boka

  • Økonomiske kriser
  • Arendal
  • 1800-talet
  • LHBT+
Arendal, 1885. Seglskutene lossar varer i hamna. Krystallysekronene er blankpussa. Borgarskapet gler seg til det årlege maskeradeballet. Den rike arvingen Axel Herlofson har bygd eit imperium som banksjef og skipsreiar og eig halvparten av verksemdene i byen. For folk i Arendal er han vegen til velstand. Hangen hans til opium, gambling og yngre menn er ikkje like kjend. Den unge revisoren Thomas Berntzen sit på banksjefens nabokontor og er heilt i hans vald. Når han finn feil i rekneskapen, er han redd for å miste både jobben og den store kjærleiken. Den einaste han kan dele uroa si med, er Agnes Mercier. Den elegante kvinna frå Paris driv kjolesalongen i byen, men skjuler både den skandaløse fortida si og Axels løyndommar. Så byrjar nettet å rakne. Gamle ideal fell for nye idear. Dei beste familiane viser seg å vere dei verste, og ingen veit sanninga om kvarandre. Krakk er ein storslått roman om kjærleik, svik og klassekamp, basert på den verkelege historia om svindelen som endra Noreg.

Utgåver