Strikkeglede i biblioteket
Samtale, debatt og foredrag
Vaksne
Strikkeglede og lokal garnprodusent.
Gratis - inga påmelding
Anett Opheim har gitt ut fleire strikkebøker under navnet #Weknit. Ho vil komma til biblioteket og fortelje om si strikkeglede og korleis ho gjekk frå det å ha strikking som hoppy til å verta meir profesjonell strikkedesigner- og forfattar.
Me har og invitert Ryspinn, som nyleg har etablert spinneridrift på Hjelmeland, til å vera med oss denne kvelden. Dei vil fortelje litt om verksomheita si, og om garnet dei produserar. Det vert og høve til å kjøpa garn frå Ryspinn.