SeniorUni - Krig er forakt for liv
Foredrag med Linn Stalsberg.
Gratis - inga påmelding
Linn Stalsberg er utdanna sosiolog og er ein norsk journalist, forfattar og
samfunnsdebattant med bakgrunn frå blant anna Dagbladet, der ho i fleire år jobba som kommentator og skribent. Ho har markert seg som ei tydeleg stemme i den norske offentligheita, særeg innan tema som feminisme, likestilling, arbeidsliv, sosial ulikheit og livskvalitet.
Krig er forakt for liv. Å vinna ein krig inneber å øydelegge mennesker, hus og infrastruktur. For å få slutt på all krig må me snakke om krige sine realitetar og dei som har kjempa for fred.
Fredsarbeid kan basera seg på religion, ideologi eller politikk, med pasifisme, ikkjevold og
militærnekt som viktige verkemidlar. Militariseringa skjer midt i ein klima- og naturkrise, og våpenindustrien er svært øydeleggande for jorda. I dag må fredsbevegelsen alliera seg med miljørøyrsla i kampen for alt levande. Fred er å skapa.