SeniorUni: Foredrag med Caroline Tromp
Tilbakeslaget - Kva betyr den reaksjonære bølga for oss?
Gratis - inga påmelding
I dag ser vi ein reaksjonær bølge som skyller over kulturen og politikken, med ein sterk vekst for ytre høgre i land som USA, Sverige, Frankrike og Tyskland. Internett og sosiale medie har blitt kraftige verkty for å spreie ekstreme idear, og nye «influensarar» som Andrew Tate påverkar særleg unge menneske. Korleis har dette skjedd, og kva betyr det for samfunnet vårt?
I dette foredraget guidar Carline Tromp oss gjennom ytre høgres utvikling etter 2010, med fokus på korelis nettet har forandra måten politiske idear vert spreidd på. Tromp, som er utdanna norrønfilolog og har lang erfaring som journalist og forfattar, gir oss innsikt i denne urovekkande utviklinga og diskuterar kva vi kan gjere for å møte utfordringane. Tromp har skrivet boka Tilbakeslaget (2023), som gir eit djupdykk i korleis den reaksjonære bølga har vunnet terreng.